Home » Ymse » 3 gode grunner til å rydde strand

3 gode grunner til å rydde strand

ICC, som er ein internasjonal organisasjon som driv strandrydding, trekk fram 3 spesielt gode grunnar til å rydde ei strand, ei fjøre eller ei elv.

Det fjernar plast og anna forsøpling
Så lenge forsøplinga ligg i fjøra er det faktisk mogleg å få tak i den. Blir den liggande vil den over tid brytast ned til mindre bitar med plast og spreiast i naturen. Eller den blir skylt på havet og kan synke, og slik verte nesten umogleg å fjerne.

Å rydde endrar måten du tenker og handler
Har du først fått teke hendene i marin forsøpling gjennom rydding, endar det deg. Kanskje du plukker opp posen for blåser forbi deg på gata neste gong, fordi du no veit kvar den hamnar. Eller du vert nysgjerrig på å finne ut meir om temaet. Kankje blir du eir bevisst på kor mykje plast du brukar, og endrar vanane dine.  Førstehands erfaring er viktig for engasjemnet og forståelse

Du bidreg til meir kunnskap
Faktisk er mykje av det ein veit om marin forsøpling basert på at frivillige og forskarar har registrert i detalj kva dei finn når dei ryddar. For å kunne sette i verk effektive tiltak må ein vite kvar ein sal sette dei inn. Kvar kjem forsøplinga frå, kva er det som faktisk ligg der ute? Ved å registrere funna dine bidreg du til å bygge opp grundigare kunnskap.

Kvar dag kan vere ein Strandryddedag!

Comments are closed.