Home » Ymse » Dette klarer du deg faktisk heilt fint utan

Dette klarer du deg faktisk heilt fint utan

Finn eit bruk-og-kast-produkt av plast som du har i heimen, og som du eigentleg ikkje treng. Lat vere å kjøpe det flerie gonger. Størst påverknad har det kanskje om det er eit produkt som er til eingongs-bruk. Hos oss vart det sugerør. Vi har vore utan lenge no, og det er heilt problemfritt. Eg tør å hevde at alle kan klare seg fint utan.

Eller kanskje du heller vil erstatte eit ein-gongs-produkt med noko meir varig. I heklegrupper på Facebook plopper det opp med bilete av fruktposer som folk har laga sjølv. Då er du kvitt den tynne plastposen som du legg frukta i, og kastar når du kjem heim. Lager du den i bomullsgarn som tåler 60 raders vask er det aldri eit problem om du får fruktsaft eller anna søl på den.

Comments are closed.