Home » Løysingar

Løysingar

Sjølv om marin forsøpling er eit alvorleg problem, er det ikkje uløyseleg. Forklaringa på problemet er veldig enkel, vi tek ikkje godt nok hand om avfallet vårt.

10 tips til ting du kan gjere i din kvardag
1. Del kunnskap, gode råd og haldningar. Ingen problem kan løysast om ein ikkje veit om dei.
2. Sørg for at plasten du bruker ikkje havner i havet. Det er i god gamal miljøvernånd å aldri legge frå seg avfall ute.
3. Skyll, tørk og sendt plastemballasje til gjenvinning. Heile 95% av dei norske husstandane har i dag tilbod om å kjeldesortere plastemballasje, i følge Grønt punkt
4.Køyr mindre bil. Den største kjelden til utslepp av mikroplast frå Norge er slitasje på dekk. Køyrer du mindre bil, slit du mindre på dekka. For ikkje å snakke om at det gjev god gevisnt i andre miljøspørsmål også.
5. Bruk syntestisk fiber til tekstil du vaskar sjeldan, eller la vere å bruke syntetiske fiber. Vask av syntetisk tekstil frigjev mikroplast i vaskevatnet. Det er også utfordringar knytt til andre typer tekstil, og kanskje det beste er å spørre om ein verkeleg treng meir tekstil?
6. Rydd ei strand (eller ein anna stad i naturen). Å fjerne plast og andre materialer frå fjøresona og elles på land hindrar at avfall havnar i havet, og at plast brytast ned til mikroplast. Registrerer du funna dine hos Hold Norge rent bidreg du til viktig kunnskap om marin forsøpling i Norge.
7. Ta med handlenett i butikken, så bruker du færre plastposer
8. Bruk ikkje plast til eingongsføremål. I mange høver kan ein unngå å bruke plast til eingongsføremål. Treng du sugerør i brusen? Må du bruke plasttallerkerken når du skal grille? Kan du bruke boks i staden for pose på matpakka?
9. Kjøp svanemerka hudpleie. Svanemerka podukt er ikkje tilset mikroplast. Du kan og sjekke produkt med appen Beat the microbeads, Eller les på lista over innhald i produktet, polyethylene er eit av dei mest brukte typane av mikroplast i slike produkt.
10. Forbrukermakt virker. Protester på det du meiner er urett. Etterspør produkt som er mindre miljøskadelege. Det er ikkje lenge sidan det dukka opp purre med plastemballasje i butikkane. Produksjonen vart stoppa etter massiv protest frå forbrukerane.

Førebygging
Utvikling av betre produkt med mindre emballasje, betre renseteknologi og mindre miljøbelastning kan stoppe marin forsøpling før den skjer. Det er alltid betre å førebygge enn å rydde i etterkant.

Kan vi ikkje rydde opp alt?
Forsøpling som framleis ligg på land let seg heilt klart rydde opp. Å rydde denne typen søppel er viktig for å unngå at den havner i havet og for å hindre at plasten går i oppløysing til mikroplast. Å skulle rydde opp på havbotn er ei større utfordring. Det finst mange dykkergrupper som gjere ein flott jobb med å rydde opp søppel og fangstredskap når dei dykker. På djupt hav vil det vere langt meir utfordrande og kostbart å få rydda opp.
Det finst dei som prøver å finne opp teknologi som ubemanna fartøy drive på solceller som kan samle opp plast som flyt på havoverflata. Å skulle samle inn all plasten som menneska har lete gå på havet er nok neppe realtistisk. Kanskje mest, fordi mykje av den har gått i oppløysing og vorte mikroplast.

Kva meiner forskerane at må til?
På verdsbasis meiner forskarane at det er mykje ein kan gjere for å betre situasjonen. Mellom anna:

Meir kunnskap
Spreiing av kunnskap om marin forsøpling og verdien av marine økosystem, som understrekar alvoret i situasjonen og den store utbreiinga.

Betre lovverk
Følgje opp eksisterande lovverk.
Klargjering av kven som har ansvar for å hindre utslepp av plast til miljøa
Internasjonale avtaler om å redusere bruken av plast.
Om ein ikkje oppnår forbetring gjennom opplysing og insentiv må ein forby bruk av den mest skadelege plasten.

Tiltak innan avfallsbehandling
Fokusere på vassvegane sin transport av søppel.
Fokusere eksisterande tiltak mot forsøpling inn mot marin forsøpling.
Klargjering av kva som må til for å handtere plastavfall på best mogleg vis, og lovverk og tilsyn som støttar om dette.
Etablering av innsamlingssystem for plast, både plast frå forbrukar og av plast som allereie er komen ut i miljøet.
Fleire insentiv for å få forbrukerane til å sortere og resirkulere avfall.
Utvikling av miljøvennlege alternativ til plast.

Overvaking og undersøking
Etablering av overvakingsprogram over lang tid både for påverka organismar og for trendar i marin forsøpling.
Ta i bruk nye verkty for å vurdere og stadfeste utbreiinga til og effektane av marin forsøpling på marine organismar.
Merking av fiskeriutstyr, særskilt drivgarn, som gjer det mogleg å spore opp att reiskapen om den går tapt.