Home » Undervising

Undervising

Ingenting er viktigare enn å skape engasjement hos dei som er unge! Hold Norge rent bruker slagordet: kunnskap, bevissthet, handling!

Oppgåver til inspirasjon
Desse oppgåvene vart til i samband med at eg vart kontakta av Ungt entrepenørskap i Sogn og Fjordane Dei var på jakt etter ein oppdragsgjevar til å lage oppgåver om plastavfall og marin forsøpling. Det har vorte nokre krevjande og inspirerande dagar med entrepenørskap i grunnskulen og vidaregåande. Det var utarbeidd tre alternative oppgåver som elevane jobba med i grupper. Oppgåve 1 fokuserer på idear til å endre hadlingar innan fiskeri og anna næring til havs. Oppgåve 2 handlar om å designe god produkt. Oppgåve 3 omhandlar idear til å stimulere til innsamling av plast i områder utan renovasjon. Last ned oppgåvesettet: Oppgåver ungt entrepenørskap

Det var tre av ideane til oppgåve som vart vidareutvikla til ungt entrepenørskap. Dei resterande ideane til oppgåver vil verte publisert her etterkvart.

Ressursar
Loop har laga eigne læringsressursar om marin forsøpling. Les meir.

Hold Norge rent og Oslofjorden friluftsråd har laga eit undervisningsopplegg for norsk skule knyt til strandrydding og marin forsøpling. Les meir her

Det statlege amerikanske «National Oceanic and Atmospheric Administration» har samla ein del læringsressursar om marin forsøpling på heimesidene sine. Desse varierer frå undervisnigsopplegg til faktaark, og meir leik og lær aktiviteter som fargelegging.  Les meir her

Organisasjonen Loop har ein eigen miljøskule. Det gjennomgåande tema i miljøskulen er kjeldesortering og gjenvinning. Miljøskulen har ei rekke undervisngsopplegg og andre ressursar, tilpassa ulike trinn og kompetansemål i norsk skule. Les meir