Home » Lær meir – plastmateriale

Lær meir – plastmateriale

Kva er det som gjer plast så fantastisk og grufullt på ein gong?
Lista kunne vore laga lang. Her er tre av dei viktigaste faktorane.

Plast er eit relativt lett materiale. Dette er supert når det kjem til f.eks frakt. Tenk berre å kor mykje tyngre 1000 glasflasker er enn 1000 like store plastflasker. Når plast kjem på avvege og i naturen, gjere vekta at den lett flyter i vatn og lett bles vekk og vert spreidd.

Plast er relativt billig å bruke. Dette gjere at vi kan pakke ting godt inn. Kanskje til og med unødvendig godt inn. Kanskje du har fått ein pakke i posten, der eska er fylt med isopor og det er hard, sveisa plast rundt tingen du har kjøpt, eit mjukare lag med plast under og kanskje tingen du har kjøpt også er delvis laga av plast? Lav kostnad er med på å gjere at ein kan bruke meir plast enn det som er nødvendig. Dette gjev meir plastavfall og meir plast som kan kome på avvege

Plast er eit holdbart materiale. Har du og sett amerikanske filmar der folk legg matvarene sine i papirposar? Ute regnar det og på veg i bilen går posen sund. Det slepp ein med plastposar. På akkurat same måte er det med papp. Glas kan knuse, det gjer sjeldan plast. Det er ei lang rekke praktiske utfordringar ein kan løyse med å bruke plast. Problemet er berre at fordi plasten er laga for å vare lenge og tåle mykje, forsvinn den ikkje frå naturen.

Kva er komposterbar plast?
Om du sorterer matavfall i heimen din har du kaskje nokre spesielle posar du legg matavfallet i? Dette er truleg poser av komposterbar plast. Eit plastmateriale som er komposterbart skal kunne brytast ned utan å etterlate seg skadelege stoff i eit komposteringsanlegg. Under andre forhold enn i komposteringsanlegg, vil ikkje nødvendigvis plasten verte brote ned, og i alle fall ikkje over same tidsrom. I havet er det f.eks mykje kaldare enn i eit komposteringsanlegg.

Korleis handtere vi plast i Norge?
Det er ein del lovverk rundt dette med avfall og avfallshandtering, som er utgangspunkt for Norge sin måte å handtere avfall på. Forurensningsforskriften §20-5 pålegg hamneeigarar å drifte mottaksordningar for avfall frå skip. I anna lovverk finst det og ei tilsvarande plikt for skipsførar å levere avfall til godkjent mottaksordning. Forurensningslova §30 pålegg kommunane å drifte innsamlingsordningar for avfall for hushalda. Forurensningslova § 32 pålegg bedrifter å levere avfallet sitt til godkjent avfallsmottak. Når det gjeld forsøpling er det normalt kommunen som myndighet til å pålegge opprydding. Men det er eit prinsipp i norsk lov, at den som har forsøpla skal bere kostnaden for opprydding. Marin forsøpling vil normalt ikkje kunne sporast tilbake til nokon konkret. Kommunen kan heller ikkje bruke renovasjonsgebyret til å finansiere opprydding.

Innsamling av plastemballasje som eigen fraksjon har kome i stand som ei bransjevatale. Ei avtale mellom staten og dei som lager produkt med plastemballasje. Det vert betalt ei avgift som går til å finansiere ei returordning for plastemballasje. Kommunen avgjer kva ordningar for kjeldesortering som vert tilbydd i ditt nærområde.  I følgje Grønt punkt, som er ansvarleg for returordninga, er det om lag 95% av dei norske husstandane som har tilbod om kjeldesortering av plastemballasje. Det er i hovudsak to ordningar for innsamling av plastemballasje. Anten vert den henta direkte hos hushalda eller ein må ta plasten med til eit returpunkt. Analyser viser at det vert samla inn meir plastemballasje der plasten vert henta direkte hos hushalda. Oslo, Tromsø, Trondheim, Fredrikstad og Ålesund er mellom dei større byane i Norge som har henting av plastemballasje. Medan Bergen, Stavanger, Kristiansand er mellom byane der ein må levere plastemballasje til returpunkt.

Opplysingar om sorteringsordningar i din kommune finn du på www.sortere.no

Tilbake