Home » Ymse » Har plast vorte farleg avfall?

Har plast vorte farleg avfall?

NRK publiserte 07.09.18 ein artikkel  der det kan sjå ut som om at norske politikarar har gjort plast til farleg avfall på verdsbasis, gjennom framlegg til endringar i Basel-konvensjonen. Men kva er det eigentleg som har vorte lagt fram, og kva har dette fått å sei så langt?

Kva er farleg avfall?
Miljødirektoratet legg i si generelle omtale av farleg avfall vekt på at dette er avfall som inneheld stoff som er til skade for helse eller miljø. Vidare er det presisert at slikt avfall ikkje skal blandast og handterast saman med anna avfall. Dette er grunnlaget for at du må levere inn brukte batteri og lysrør til eige mottak, og ikkje kan legge dette i restavfallet ditt, då dei inneheld tungmetall.  Kva som er å rekne om farleg avfall i Noreg er definert i avfallsforskriften sitt kapittel 11 Føreskrifta regulerer også plikter knytt til handtering av farleg avfall, som til dømes at avfallsmottaka må kunne dokumentere kvar alt farleg avfall kjem frå, kva farlege eigenskapar det har, og kvar det vert levert for behandling.

På internasjonalt nivå er farleg avfall regulert gjennom Basel-konvensjonen  Land som har valt å støtte Basel-konvensjonen har påteke seg plikter og ansvar for handtering av farleg avfall gjennom dette samarbeidet (meir om dette følgjer).

Kvifor bør plast vere farleg avfall?
At plast, eller i alle fall nokre typar, burde vere definert som farleg avfall er ingen ny ide. Forskarar har påpeika dette i fleire år. I tidsskriftet Nature (utgåve 494/7436 frå 13.februar 2013) vart det publisert ein artikkel som nettopp fokuserte på viktigheten av å kunne definere nokre typar plast som farleg avfall. Gjennom å gjere dette kan ein i medhald av lovverk sette i verk tiltak for å regulere handteringa av plastavfall, og som følgje av dette håpe at ein avgrensar mengda plastavfall som hamnar på avvege.

Kva er Basel konvensjonen?
 Basel-konvensjonen omhandlar farleg avfall i eit internasjonalt perspektiv.  Landa som har ratifisert konvensjonen har teke på seg ansvar for å redusere mengda farleg avfall, samt syte for forsvarleg handtering av avfallet og hindre eksport og import av farleg avfall. I tillegg tek konvensjonen mellom anna opp korleis internasjonalt samarbeid om handtering og behandling av farleg avfall skal gå føre eg.

Basel konvensjonen har fleire vedlegg  som definerer og kategoriserer avfall. Avfall heimehøyrande i Vedlegg 1 er rekna som farleg avfall etter Basel konvensjonen. I denne gruppa finn ein mellom anna avfall frå framstilling av medisin, eksplosivt avfall, sprøytemiddel, løysemiddel og nokre typar avfall frå framstilling av plastmateriale. Landa som deltek i Basel-konvensjonen har påteke seg plikter rundt innlemming av desse typane avfall i lovverket som regulerer avfall i dei enkelte landa.

I vedlegg 2 til Basel konvensjonen finn ein avfall som treng særskilt merksemd. I dag omfattar dette vedlegget avfall frå hushalda, samt oske frå forbrenning av slikt avfall.  I vedlegg 9 til konvensjonen finn ein ei liste over avfall som ikkje er å rekne som farleg avfall under konvensjonen, og som difor ikkje er regulert av konvensjonen. I dette vedlegget finn ein plastavfall i dag.

Skal ein ta plastavfall inn i konvensjonen?
Framlegget til endringar i Basel konvensjonen går ut på å ta plastavfall ut frå vedlegg 9, og legge det til i vedlegg 2, som ein type avfall som krev særskilt merksemd. Dette likestiller plastavfall med avfall frå hushalda, og ikkje med avfall som ein typisk tenker på som farleg avfall som til dømes sprøytemiddel og spillolje. Endringa vil likevel føre til at avfallet kjem inn under ei gruppering som Basel-konvensjonen regulerer. Dette gjev høve til å sette i verk tiltak for regulere og kontrollere handtering og grensekryssing av plastavfall. Jamført dokument frå møtet skal dette forslaget ha fått brei støtte frå andre land.

Så langt, er dette berre eit framlegg som har vorte diskutert  i arbeidsgruppene knytt til Basel-konvensjonen. I april 2019 skal det gjennomførast ein Basel-konferanse der ein kan vedta eventuelle endringar  i sjølve konvensjonen og arbeid regulert av denne. På konferansen skal ein vurdere å gjennomføre endringane  som vart føreslått av mellom andre Noreg, som vil bety at plastavfall kan definerast inn under ein kategori av avfall som Basel-konvensjonen regulerer. Eit anna framlegg til konferansen vert å etablere eit partnerskap under Basel-konvensjonen som skal jobbe med problemstillingar knytt til marin forsøpling. (Om du vil høyre meir om dette kjem det snart eit eige innlegg)

Vil plastemballasjen du samlar inn plutseleg verte farleg avfall?
Om Basel-konferansen vedtek å inkludere plastavfall i vedlegg 2 til konvensjonen, kan dette medføre at Noreg som deltakar i konvensjonen, må sette verk tiltak for å regulere handtering av plastavfall på ein anna måte. Då det berre er snakk om å innlemme plastavfall i vedlegg 2, vil ikkje dette medføre at plastavfall automatisk vert farleg avfall.  Det går fram av papira som var lagt fram på møtet  at ein må syte for at det berre er plastavfall som er forureina, usortert eller som på anna måte er problematisk som vert omfatta av eventuelle endringar.  Ein skal framleis legge til rette for og syte for at sortert plastavfall kan flyttast mellom landegrensene, for å  verte resirkulert. Eit av grunnane til å gjere endringane er nettopp å hindre at plastavfall endar opp i land som ikkje har moglegheit til å behandle plastavfall på ein forsvarleg måte.

Ikkje alle er like begeistra for dei føreslåtte endringane
Delar av resirkuleringsbransjen er skeptiske til endringane som føreslått til Basel konvensjonen.  Konvensjonen har vedlegg som definerer kva type behandling som er å rekne som resirkulering. For plastavfall er det utarbeidd tekniske retningslinjer som legg grunnlag for innsamling, handtering og behandling av plastavfall. Det er også føreslått endringar i desse tekniske retningslinjene. Gjennom www.plasticstoday.com er det mellom anna ført i pennen eit innlegg frå resirkuleringsbransjen  i USA, der ein uttrykker bekymring. Ein er skeptiske til at endringar i dei tekniske retningslinjene vil føre til at behandlingsmåtar som i dag vert brukt for å resirkulere plast ikkje lenger skal vere godkjente som resirkulering. Det vert også stilt spørsmål rundt kva ei innlemming av plastavfall i Basel-konvensjonen vil ha å seie for moglegheita til å resirkulere plastmateriale i eit anna land enn der avfallet oppstod. Det skal vere sagt at USA er eit av landa som i dag ikkje har implementert Basel-konvensjonen, og at dei difor vil kunne verte ramma på andre måtar enn deltakarlanda i konvensjonen.

Lat oss gjere eit tankeeksperiment – til slutt
Miljødirektoratet la til grunn at farleg avfall på genrell basis er avfall som kan føre til skade på helse eller miljø. Om ein ser på kva som er definert som farleg avfall i dag vil dei fleste kunne einast om at det føreligg god dokumentasjon på at innehadet i avfallet kan vere skadeleg. Ein veit at plast som endrar opp som marin forsøpling skader dyr i havet. Omfanget av, og dei reelle konsekvensane, utover skader på enkeltindivid er kanskje ikkje like godt dokumentert. Lat oss likevel tenke oss at det føreligg god dokumentasjon på at ein særskilt plasttype føre til skader på marint dyreliv. Sannsynlegvis vil ein då kunne plassere avfall som inneheld denne plasten under den genrelle omtala som Miljødirektoratet har av farleg avfall. Lat oss vidare tenke oss at denne typen plast vart definert som farleg avfall i Noreg.

Kva ville dette medføre? På den positive sidan vil avfallet verte strengt regulert, og myndighetene kunne sette i verk straffereaksjonar mot den/dei som ikkje handterte avallet i samsvar med loverket. På sikt ville dette sannsynlegvis føre til at ein måtte slutte å produserer produkt av denne typen plast, eller at den berre vart lov til å bruke under særskilte vilkår. Samstundes ville det innebere at du måtte vite kva produkt som inneheldt akkurat denne typen plast, for alle slike produkt måtte leverast til eit godkjent mottak. Du kunne ikkje legge dei i søppelbøtta i det offentlege rom eller i restavfallsdunken heime.

Allereie i dag er reglane for sotering av platemballasje i hushalda ganske innflukte. Til dømes: har plastemballasjen innehalde stoff som er faremerka, kan den i nokre høve sorterast som plastemabllasje om den er skylt og tørr. Medan den i andre høve ikkje kan det. Poenget er at dersom ein vel å definere nokre plastmateriale som farleg avfall vil dette verte endå vansklegare for den som skal sortere og for avfallsselskap som skal syte for vidare handtering.

Ei endring av regelverket må difor kome samstundes med at ein legg til rette for at det skal vere mogleg å handtere i praksis for den enkelte.

Comments are closed.