Home » Lær meir

Lær meir

På denne sida har eg prøvd å svare på nokre av dei spørsmåla som eg har fått frå andre om marin forsøpling. Lurer du på noko anna? Send gjerne inn spørsmålet ditt, så skal eg prøve å svare. Har du lurt på noko, er det garantert også nokon andre som har lurt på det same.

Kva er greia med marin forsøpling?
Her er ein fin animasjonsfilm som forklarer konsekvensane av marin forsøpling. Ingen tekst, ingen tale, så denne fungerer for store og små i alle aldrar.



Marin forsøpling er eit begrep for alle menneskelege faste stoff som havner i havet. Til dømes: glas, trevirke, metall og plast. Basert på tal frå OSPAR-kommisjonen frå 2009, vil 70% av den marine forsøplinga søkke til botn, 15% skylt på land att og 15% flyte. Den delen av den marine forsøplinga som flyt vil kunne spreie seg langt og halde seg lenge flytande.

Er marin forsøpling eit stort problem?
I rapporten «Kunnskap om marin forsøpling i Norge 2014» seier Miljødirektoratet:
«Marin forsøpling er en av de største miljøutfordringene vi har.  Vi har nok kunnskap til å fastslå dette – selv om vi mangler eksakte tall for omfanget av og kildene til marin forsøpling i norske hav- og kystområder. Omfanget av problemet synes å være økende. Avfallet gjør stor skade på dyrelivet og medfører hvert år betydelige kostnader for samfunnet
Dette er tydeleg tale frå eit av dei fremste fagmiljøa i Norge.

Det finst ingen statistikk som fortel om mengder av marin forsøpling, korkje på versbasis eller frå Norge. Det finst berre nokre lausrivne overslag og utrekningar. På verdsbasis har desse overslaga variert frå 6,4 – 25 millioner tonn pr år. Dette er for all marin forsøpling, og ikkje berre plast.  «Sources of microplastic pollution to the marine environment» er ein rapport laga av Mepex for Miljødirektoratet, ugitt i desember 2014. Der vert det anslått at  Norge årleg bidreg med 10 000 – 20 000 tonn med plastavfall til havet.

Les meir om:
Eigenskapar med plastmateriala og resirkulering
Havområda der plasten samlar seg
Mikroplast, kva er det og korleis vert den til?
Mikroplast og miljøgifter
Effektane plast har på livet i havet