Home » Lær meir – akkumulasjonssoner

Lær meir – akkumulasjonssoner

Er det ei stor søppeløy i Stillehavet?
Joe Harris og Martin Morazzo har laga ein teikneserie med namnet Great Pacific. Der sloss menneska i framtida om landområde i Stillehavet laga av avfall. Men det er til teikneseriane si verd ein må, for å finne faktiske solide store øyer av marin forsøpling. Det som derimot finst i Stillehavet, og i andre verdshav, er akkumulasjonssoner, ofte kalla gyre. I desse områda er det roterande straumar i havoverflata. Plast og anna som flyt i overflata vil verte fanga i desse straumane. Mengda med marin forsøpling i desse områda er stor. Men det meir snakk om ei suppe med små plastbitar i overflata, enn ei stor samanhengande øy.

Akkumulasjonssoner/gyre
Dei faktorane som er mest avgjerande for lokal og regional utbreiing av marin forsøpling er: folketettleik, graden av turisme, talet på hamneområde og korleis ein tek hand om avfall og avløpa. Marin forsøpling har vore eit større problem på nordlege enn sørlege halvkule.

I dei opne  verdshava finst det områder der ei rekke forhold som f.eks vind og jordrotasjonen, er med på å lage sirkulære straumar i havoverflata. Det er som om det er ein kvervel i overflata som roterer rundt og rundt.

http://cimioutdoored.org/wp-content/uploads/2014/12/Map-of-ocean-gyres_full_size_landscape.jpg

Illustrasjonen er lånt frå: Catalina Island Marine Institute

Plast og anna som flyt i overflata vil verte fanga i desse straumane, og den samla mengda marin forsøpling i desse områda kan vere veldig stor. Det finst fem store slike områder, dei verte ofte referert til som gyres, i mangel på ei norsk begrep. Dette har ein funne ut av gjennom observasjonar på havet, forsøk med flytande bøyer og modellering.  Det området som er best undersøkt med tanke på marin forsøpling vert ofte kalla  «the North Pacific garbage patch» og ligg i nordlege delar av Stillehavet.

Ein av dei forskarane som har jobba mest i dette området er Charles Moore. Under ser du første del i ein dokumentar som arbeidet hans og forholda i «the North Pacific garbage patch».

Tilbake