Home » Ymse » Arbeidet til FN si ekspertgruppe

Arbeidet til FN si ekspertgruppe

Ei ekspert gruppe på marin forsøpling, organisert under FN hadde møte i mai 2018.  Rapporten frå dette møtet finn du på FN sine sider

Hovudfokuset til gruppa ligg på å:

  • Identifisere utfordringane for å handtere marin forsøpling
  • Moglege tiltak på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå
  • Kva som er miljømessige og sosioøkonomiske konsekvensar av desse tiltaka
  • Effekten og moglegheita til å gjennomføre desse tiltaka

Ein  betydeleg reduksjon av ureining til havområda innan 2025, mellom anna i form av marin forsøpling , er eit av FN sine mål for bærekraft. I opningstala til møtet vart det reflektert rundt at dette målet for bærekraft vil vere særs vanskeleg å oppnå når ein i perioden 2015 – 25 forventar ei 40% auke i produksjon av plast.

Rapporten frå møtet, slår ikkje overraskande fast, at det i dag ikkje finst internasjonalt avtaleverk eller lovgjevnad med fokus på marin forsøpling. Manglande eller mangelfullt regelverk vart framheva som den viktigast hindringa for å handtere marin forsøpling. Samstundes har deltakarane på møte understreka at kvart land må stå fritt til å velje tiltak som skal gjennomførast.

Referatet frå møte ber preg at at ein har drøfta mykje rundt allereie kjente poeng, som at ein treng meir kunnskap og sikrare konklusjonar, at ein har best effekt av å sette inn tiltak tidleg i eit produkt si livsfase og at det er eit stort behov for å etablere fungerande system for å ta hand om avfall i mange land. Eit punkt som vart utheva i samandraget er at ein ser med bekymring på bruk av subsidier i oljesektoren, som fører til at det ikkje lønner seg å bruke resirkulert materiale. Det kan verte spennande å sjå om gruppa gjennom sitt mandat kan kome fram til resultat som inneber at tiltak vert gjennomført i stor skala på internasjonalt plan.

Comments are closed.