Home » Lær meir – mikroplast

Lær meir – mikroplast

Kva er mikroplast og nanoplast?
Forskerar og fagmiljø har vorte, meir eller mindre, einige om at ein kallar plast som er mindre enn 5mm for mikroplast. Nanoplast er eit omgrep som er heilt nytt, og det er ikkje etablert ein heilt eintydig definisjon enno. Uansett så kjem behovet for ordet nanoplast av at ein treng eit ord for dei aller minste bitane med plast. Dette er gjerne dei som er så små at ein ikkje ser dei med det blotte auge.

Kva skjer med plast som ligg ute?
Sjå for deg ein handlepose som ligg i fjøresteinane. Den vil verte påverka av vær og vind. Vind og bølgjer kan slite i den (mekanisk påverknad), sola skin på den (uv-stråling), temperaturen i plasten vil endre seg med årstider og gjennom døgnet, den vil meir eller mindre vere i kontakt med vatn heile tida. Alle desse tinga påverkar plasten. Over år ville gjerne posen ha bleikare fargar, eller vorte gul om den før var kvit eller blank. Prøver du å ta den opp vil den kanskje smuldre eller sprekke opp. Dette er dei prosessane som påverkar plasten som ligg i naturen. Den vil verte smuldra opp i stadig mindre biter, og  gje opphav til meir mikroplast. Biletet under viser korleis fjøra kan vere full av små plastbitar om ein berre ser etter. Biletet er teke i Herøy kommune, Møre og Romsdal. Foto: Janne Bareksten

Finst det fleire typar mikroplast?
Om ein ser på utsjånad, finn ein tre hovudtypar med mikroplast. Ein type er runde små kuler (ofte kalla nurdles eller beads på engelsk). Desse er produsert som små kuler, anten som råstoff som skal omarbeidast til andre plastprodukt eller fordi dei små kulene skal brukast som dei er. F.eks finn ein slike kuler i hudpleieprodukt, tannkrem, vaskemiddel og til bruk i sandblåsing. Denne typen mikroplast vert også kalla primær mikroplast.

Ein anna type mikroplast er ut som små trådar, ofte omtalt som fiber. Desse stammar frå syntetiske tekstilar, tauverk og liknande. Bitane vert brote av gjennom bruk/slitasje, frå plastavfall på avvege og for tekstiler også i vask.

Den siste typen mikorplast omfattar alt som er av uregelmessig form, flak, taggete biter m.m. Desse stammar frå bruk/slitasje av plastprodukt og frå slitasje på plast i naturen.

Kva slepp Norge ut av mikroplast?
Utrekningar frå Mepex, på vegne av Miljødirektoratet, viser at ein berre frå Norge slepp ut 8000 tonn mikroplast kvar einaste år! Grafen under er ein illustrasjon over kor stor del dei ulike kjeldene av mikroplast bidreg til dei norske utsleppa, ut frå tala frå Miljødirektoratet.


Tala som vart frigjeve frå Norge var overraskande. Bidrag frå dekkslitasje og kunsgrassbaner er kjelder som sjeldan har vore omtalt i litteratur frå andre land.

Tilbake