Home » Lær meir – effektar på dyr, fuglar og fisk

Lær meir – effektar på dyr, fuglar og fisk

Den store plasten gjer skade på store organismar
Det første som kom i fokus var skadane plast gjer på store organismar, som til dømes skilpadder. Skadane oppstår når dyra får plast sittande fast på kroppen, vert sittande fast i plasten eller når plasten vert eten. Denne typen skader er som registrert hjå fleire hundre artar. Sjansen for at ei daudt dyr søkk, eller går i oppløysing i havet, er større enn sjansen for at det driv til land eller på anna måte vert observert og registrert. Marin forsøpling rammar også landlevande dyr. På Svalbard er det fleire gongar observert rein som har vorte sittande fast i garn i fjøresona og svelte i hel der.

Plast som sit fast på dyr
Selar er mellom dei dyra som gjerne oppsøker marin forsøpling, for å undersøke. Om plast eller tau vert sittande fast på eit dyr vil dette kunne har mange negative konsekvensar. Det vil kunne hemme bevegelse. Om dyret må dra meg seg noko i tillegg til si eiga vekt vil det krevje meir energi, samstundes som det kan hindre dyret i å skaffe seg mat, f.eks om dyret må jakte for å få mat.Videoen under viser korleis ei havskilpadde vert teke hand om for å fjerne tayverk som har site fast på den over lang tid.

Der plasten sit fast kan det lett oppstå sår og infeksjonar. Om noko sit fast over gjellelokk eller munn kan dette hindre dyret i å få nok oksygen.  Om eit ungt dyr får noko sittande fast rundt ein kroppsdel vil dette verte eit problem når dyret veks. Dette kan hemme veksten, stoppe blodtilførsel og til og med vekse inn i kjøttet. Hos sjøfugl ser ein også at fuglen brukar tau og garn til reirmateriale. Dette ender med ein del kyllingar og vaksen fugl sit seg fast i tauverket og enkelte fuglar endar med å henge seg i det, om dei ramler ut for med tau rundt halsen. Hos nokre artar av sjøfugl har dette vorte ein betydeleg dødsårsak.

Victim: Gull trapped in a plastic ring. The full horrific scale of the threat to our wildlife from the plastic rubbish polluting our seas has been exposed in a landmark study

Bilete er lånt frå: Dailymail

Plast i magen
Mange ulike dyr får i seg plast. Plast kjem i alle fargar, fasongar og størrelsar. Dette betyr at plast kan forvekslast med eit dyr sin naturlege matkjelde. Havlevande skilpadder et mellom anna maneter. Tynne blanke eller blå plastposar, som dei vi ofte legg frukt og grønsaker i før vi går i kassen på butikken, kan likne ei manet når dei ligg i vatnet. Hos skilpadder er inntak av denne typen plast eit kjent problem. Sjøfugl er også ei gruppe dyr som ofte får i seg plast. Albatrossen er ein stormfugl, og lev heile livet på havet, bortsett frå når den hekker. Den finn maten sin på havoverflata. Sidan plast ofte flyt, er det lett for fuglen å få i seg plast. Dei vaksne fuglane finn mat på havet heile året. Plasten dei får i seg saman med maten vert liggande særs lenge i magensekken, og samlar seg opp der. Når fuglen hekkar fòrar den kylling ved å gulpe opp mat frå magesekken. Då kjem plasten med. Dette medfører at mange kyllingar får ei stor mengde plast i magen. Når magesekken er full av plast er det ikkje plass til mat og fuglen vert gjerne ikkje svolten heller. Dette medfører at den sakte vil svelte i hel. I tillegg kan plast sette seg fast i halsen og hindre at den får i seg anna mat. Plasten kan rive hull på magesekken eller tarmane, og fuglen vil døy av desse skadane. Plasten kan også tette tarmane.

Undersøking av mageinnhald til fuglen havhest, som er funne daude i områda rundt Nordsjøen, har vist ei gjennomsnittleg mengde på 0,6 gram plast.  Dette høyrest kanskje ikkje så mykje ut. Ein havhest veg 600 – 900g. Eit menneske på 60 – 90 kg vil ha 100 gongar større kroppsmasse enn havhesten. Om vi hadde levd og ete som havhesten hadde vi hatt 60 g plast i magen. Bilete under viser 60 g plast. Om menneska rundt Nordsjøen i gjennomsnitt gjekk rundt med dette i magen ville det vorte ramaskrik.

Les meir om NINA si undersøking av havhest i Norge

Spreiing av framande artar
På plast som ligg i havet vil det danne seg biofilm. Biofilm er eit tynt lag med bakteriar, eincella organismar, larvar og sporer som held til på plasten. Over tid vil det også kunne dukke opp fastsittande dyr på plasten, som rur, andeskjell, småmaneter, muslingar, kalkrøyrsorm, korallar og svamp. Fordi plasten kan flyte på havet særs lenge og over store avstandar, vil den kunne bidra til å transportere organismar til nye stadar.

Tilbake