Home » Lær meir – marin forsøpling og miljøgifter

Lær meir – marin forsøpling og miljøgifter

Kva tilset vi i plasten?
For at plasten skal ha dei eigenskapane vi vil ha, vert det tilsett ei rekke stoff. Desse stoffa vert kalla additiv eller tilsatsstoff. Additiv kan vere fargestoff, herder, mjukgjerdar, flammehemmande, bindemiddel eller for å hindre plasten i verte gul av sollys. Nokre av dei mest kjente stoffa er: bromerte flammehammarar, ftalater og bisfenol a.  Forsøk har vist at slike stoff kan  påverke evne til å formeire seg, forstyrre hormonbalansen, ver fosterskadeleg, vere kreftframkallande og allergiframkallande m.m.

Korleis kan mikroplast frigjeve miljøgifter?

  • Det kan vere rester av stoff som vert brukt i produksjonen på plasten
  • Additiv kan lekke ut frå plasten.
  • Når plasten vert påverka av sollys, temperaturendingar osv i naturen vil det kunne oppstå nye kjemiske stoff eller additiv frå plasten kan verte frigjeve.
  • Mikroplast har også evne til å binde til seg miljøgifter som allereie finst i vatnet som f.eks PCB og DDT og nokre tungmetall
  • Når plasten kjem i kontakt med magesyre og enzymer i fordøyelsessytemet kan dette også påverke plasten
  • Når mikroplast vert teke opp i organismane saman med eller i tillegg til miljøgifter kan dette påverke korleis miljøgiftene fordelar seg i kroppen, kor giftige stoffa vert og korleis dei vert omsett i kroppen

Kva viser forskinga om miljøgifter og mikroplast?
Ein har i sjøfuglen storlire sett at fuglar som har mykje plast i magen har mykje PCB i blodet.
Kyllingar av ein sjøfugl som vart fora med fisk og mikroplast innheld andre typar PCB stoff enn kyllingar som berre fekk fisk. Fjøremark som et sediment med plast har høgare konsentrasjon av PAHet fenantren og nokre typar PCB, enn fjøremark som et sediment utan plast

Er det farleg for menneske?
Forskarane er bekymra for at dei miljøgiftene som er i mikroplasten, kan gå over til organismar som et den. I forsøk gjort på laboratorium har ein sett at plast som vert ete av båskjell kan ein finne att i mage, gjeller og andre deler av krabbe som har ete blåskjell. Ein veit difor at mikroplasten følger med frå ein organisme til den neste som et den. Ein har også sett at inntak av plast kan påverke mengdene av miljøgifter i ein organsisme. Med bakgrunn i dette er forskarane bekymra for at mikroplasten fører meir miljøgifter inn i organismar på botn av næringskjeda. Vidare er ein bekyra for at dette fører til at dei same miljøgiftene vert bioakkumuler, det vil seie at til lenger opp i næringskjeda ein kjem, til meir miljøgifter vil ein finne. På toppen av dei fleste næringskjeder er menneske. Det vert forska på akkurat dette temaet mange stadar rundt om i verda, og mange meiner at om ein fastslår at menenske vert ramma av desse miljøgiftene vil dette vere avgjerande for korleis utfordringa med marin forsøpling vert handtert.

Kva er det forskinga ikkje heilt kan svare på?
I forsøk utset ein gjerne ein organisme for relativt høge doser av eit giftstoff for å sjå på verknandane av det. I naturen vil ein organisme møte ei lang rekke miljøgifter, og gjerne i lavere konsentrasjon enn i eit forsøk. Dette er med på å gjere at ein ikkje har så mykje kunnskap om potensielle  langtidseffektar og dei effektane som oppstår når mange miljøgifter er til stade samstudes.

Kan alle typer plast binde like mykje miljøgifter?
Ulike typer plast har ulik evne til å ta opp miljøgifter. Dei inneheld også i utgangspunktet ulike typer additiv/tilsatsstoff. PET har vorte trekt fram som ein type plast som kan sjå ut til å binde mindre miljøgifter til seg, og som i tillegg er ein type plast som det ofte ikkje vert tilsett så mange additiv til.

Tilbake