Home » Om

Om

Engasjementet mitt for natur og miljøspørsmål vart vekt då eg var lita. Kanskje, fordi mamma og pappa lærte oss mykje om naturen. Eg vaks opp i Barekstad, i havgapet vest av Florø, mellom bølgjer, fjøresteinar, røsslyng og måseegg. Etter å ha utdanna meg til faglærar i matte og naturfag, var eg framleis lysten på å lære meir om miljøvern. Difor starta eg på eit masterstudium i natur, helse og miljøvern på det som den gong var Høgskulen i Telemark.Takka vere ein inspirerande førelesar eg tidlegare hadde hatt, vart det gjennomgåande temaet i mastergrada effekten av menneskeleg forbruk. I 2014 leverte eg ei masteroppgåve om marin forsøpling og plast.Masteroppgåva fekk tilttelen: «Plastforureining i marine miljø. Økologiske effektar og forvalting av plastavfall på avvege». Du kan lese den her. Masteroppgåva er også tilgjengleg for alle gjennom biblioteket til høgskulen. På dette tidspunktet var ikkje marin forsøpling eit tema ein såg noko til i media, og det var ikkje mykje skrive på norsk. Dette har heldigvis endra seg

Etter mastergrada har eg halde føredrag for ulike foramlingar på Vestlandet om temaet. Nokre av tinga mange har spurt om er: kvar ein kan finne ut meir, har nokon laga undervisningsopplegg om temaet, korleis påverkar dette området eg bur i, kva kan eg gjere? Denne sida vart til for å kunne svare på slike spørsmål. Om du skulle vere interesert, kan eg framleis halde føredrag om temaet.

I dag jobbar eg i avfallsbransjen. Ein spennande bransje, med stort potensiale, og stadig aukande behov for kompetanse.

Ta gjerne kontakt for å gje tilbakemeldinger eller om du har spørsmål
E-post: janne@plasthavet.no
Les kronikken min «Plast på middagsbordet» først publisert i Bergens tidende 09.07.14