Home » Ymse » Basel-konvensjonen sine tiltak mot marin forsøpling

Basel-konvensjonen sine tiltak mot marin forsøpling

Basel-konvensjonen hadde arbeidsmøte i Genève i starten av september. Møtet samla deltakar frå landa som har ratifisert Basel-konvensjonen, for å laga framlegg til endringar i konvensjonen og arbeid gjort i regi av konvensjonen. Marin forsøpling og mikroplast var eit av dei store tema på denne samlinga.  For å skape merksemd rundt marin forsøpling, vart det laga ein installasjon av kunstnaren Joules Champod, kalla M cube. Her kan du sjå video frå opninga av installasjonen.

Arbeidsmøtet resulterte i forslag om  oppretting av eit Patnerskap for plastavfall. Jamført pressemelding frå Basel-konvensjonen er dette ei gruppe for internasjonalt samarbeid der private og offentlege skal utveksle kunnskap for å handtere plastavfall på ein betre måte og gjennom dette hindre marin forsøpling. Tiltaket må vedtakast på konferansen til Basel-konvensjonen i april 2019. Det er i dokument frå arbeidsmøtet poengtert at ein ikkje ønsker at Basel-konvensjonen sitt arbeid ikkje skal  ligge innanfor område der det allereie er etablert andre forum og tiltak, som gjev same utbytte.

Nokre av dei store internasjonale utfordringane ein har peikt på i arbeidsmøte er dei store mengdene plast som ikkje verte teke hand om på forsvarleg vis, samt ukontrollert transport over landegrenser. Ein etterlyser også betre teknikkar for resirkulering, og planverk som syter for at resirkulering vert gjennomført. Stadig fleire land melder tilbake at dei har sett i verk tiltak og/eller lovgjevnad for å betre handtering av plastavfall, men at ein i lita grad er i stand til å handheve eige regelverk.

Rapporten “Report on possible options available under the BaselConvention to further address marine plastic litter and microplastics”  er ei oppsummering av tiltak der arbeid organisert under Basel-konvensjonen bidreg mot betre handtering av plastavfall og /eller førebygging av marin forsøpling. Mange av desse tiltaka skjer på nasjonal eller regional plan, gjennom samarbeid med private eller offentlege aktørar. Nokre døme er: utvikling av undervisningsprogram, rettleiing til industri og støtte til utarbeiding av planer og lovverk innan avfallssektoren.

Her kan du sjå stream frå drøftingane i Genève, gjennom facebook sida til Safe planet

Comments are closed.