Home » Ymse » Meld frå om dyr som er skada av marin forsøpling

Meld frå om dyr som er skada av marin forsøpling

Dei siste par vekene har det dukka eit par saker i nyhetsbilete om funn av plast i norske torskemager. Lofotposten rapporterer om funn av plast i skrei frå skrei-vm. NRK nordland fortel om hobbyfiskaren som fann ei plastflaske i ein mager torsk. Sjølv vart eg i 2014 kontakta av ein hobbyfiskar frå Bergensområdet som opplevde å finne ein plastkopp i magen på ein torsk. Dei fleste dyr som vert skada av marin forsøpling kjem aldri i kontakt med mennesker, men døyr til havs. For å kunne uttale seg om omfanget av problemet, og finne gode løysingar for framtida, er det viktig at alle som observerer dyr som er skada av marin forsøpling melder frå om dette. Ta f.eks kontakt med Havforskningsinsituttet. Lokale aviser er ofte interesserte i å dekke slike saker.

Foto: Trygve Hillestad

Legg att eit svar