Home » Ymse » Sjå galskapen sett i system

Sjå galskapen sett i system

318 millioner tonn med plast vart produsert i 2015. 400 000 flaskekorker i plast brukt i USA kvart minutt. 1 million drikkebeger i plast brukt på flyturer i USA kvar sjette time. Tala er enorme, ikkje heilt til å fatte. Chris Jordan er ein mann som har lagt ned enormt med tid og ressursar for å få folk til å forstå kor store konsekvensar marin forsøpling har. Han er kanskje mest kjent for å ha teke bileta og laga film av albatrosskyllingane full av plast på Midway island. Chris Jordan har også sett alle desse store tala i system, i form av bileter. Trykk på bileta på heimesida hans for å zoome inn/ut. Kvart bilete inneheld like mange objekt som teksten under forteller. Mange av bileta er relativt gamle, og det betyr at ein i dag sannsynlegvis har eit endå høgare forbruk.
1 million drikkebeger i plast brukt på flyturer i USA kvar sjette minutt
400 000 plastkorker, like mange som talet på plastflasker brukt i USA kvart minutt
240 000 plastposer, like mange som vart brukt kvart tiande sekund i 2009
Lista er lang over likande bileter på sida hans. Kanskje ein tankevekker?

Legg att eit svar