Home » Ymse » Finn mikroplast i dyr på 2000m djup i Atlanterhavet

Finn mikroplast i dyr på 2000m djup i Atlanterhavet

Skotske forskerar har undersøkt sjøstjerner og sneglar som lev på 2 000m djup vest av Skottland. Halvparten av dyra hadde små bitar av past i magen. Studien, som er gjort av SAMS, er eit av dei første som talfestar mengda plast i magen på dyr i djupt hav. Ein fann mellom anna polyetylen i magen på dyra. Polyetylen vert mellom anna brukt til å lage plastposar, og er ein plast som i utgangspunktet skal flyte. Likvel dukkar den opp i dyr som lev av å ete sediment på botn av djuphavet. Det hyppigaste funnet var små trådforma bitar av polyester, som kan stamme frå vask av tekstil. Les meir hos SAMS

Comments are closed.