Home » Ymse » All plast som er produsert – spennande tal

All plast som er produsert – spennande tal

I norske huhald vart det i 2015 produsert 2,3 millioner tonn avfall i 2015 (i følgje SSB), og det er ikkje lett å førestille seg 2,3 millioner tonn. Det er enorme mengder. Om ein samlar inn 2,3 millioner tonn kvar einaste år i 3609 år, då har ein samla inn mengda plast som er produsert i verda!  Ein artikkel utgjeve gjennom Science Advances har undersøkt kvar all plasten som er produsert har teke vegen.

Plastproduksjonen skaut fart etter andre verdskrig, og fram til 2015 vart det produsert 8,3 milliarder tonn med plast. Ein har rekna seg fram til at 30% av dette framleis er i bruk. Av all plasten som ikkje er i bruk er 70% anten lagt på deponi eller på avvege i naturen. Dette tilsvarer 4,59 milliarder tonn, som ligg nedgravd eller meir tilfeldig plassert på planeten. 4,59 milliarder!

Original artikkel frå Science advances kan du lese her
Artikkelen har også vore omtalt på www.forskning.no

Comments are closed.