Home » Ymse » Får vi snart ein gyre i norske farvatn?

Får vi snart ein gyre i norske farvatn?

Gyre er ordet som vert nytta om havområda der kvervlande havstraumar konsentrerer marin forsøpling i havoverflata. Av og til vert dei (ligg feilaktig) kalla for søppeløyer. Kartleggingar av marin forsøpling i Arktis viser at i delar av Barentshavet finn ein store menger plast som flyt i overflata. Plasten havner i Barentshavet etter å ha vorte frakta nordover med havstraumane. Les artikkel om kartlegginga hos www.forskning.no Geir Wing Gabrielsen, som jobbar ved Polarinstituettet, viste til denne kartlegginga, då han besøkte Runde miljøsenter tidlegare i år. Han kunne då fortelje at det er ein moglegheit for at det på sikt kan danne seg ein gyre i Baretshavet.

Legg att eit svar