Home » Ymse » Miljøgifter i feit fisk

Miljøgifter i feit fisk

I ein artikkel publisert i Tidsskrift for den norske legeforening har ein sett på nivået av miljøgifter i morsmjølk hos kvinner som ikkje får i seg meir mijøgifter enn grenseverdiane som er sett. Det vert her peika på at feit fisk og skalldyr kan vere ein kjelde til miljøgifter som PCB og hormonhermarar. I artikkelen står det:  «Som en mulig forklaring anførte forfatterne at fisk er en betydelig kilde til miljøgifter i form av hormonhermere, og de konkluderte med at gravide kvinner burde begrense inntaket av fisk.» Les meir i Tidsskrift for den norske legeforening

PCB er ei forkorting for poly-klorerte-bifenyler. Dette er ein gruppe med kjemiske stoff som har vore nytta i industrien. Det tek veldig lang tid å bryte ned PCB i naturen, og stoffet vil difor ha ein tendens til å hope seg opp i næringskjedane. PCB kan kan fostyrre den naturlege hormonbalansen i kroppen. Hormonhermer er eit fellesbegrep på alle stoff som liknar på hormona som finst naturleg i kroppen. Hormonhermerar kan forstyrre dei hormonregulerte prosessane i kroppen som til dømes fosterutvikling.

Legg att eit svar